Thursday, July 9, 2009

Björks øy!

Björk er ein artist eg verkeleg har våre stor fan av. Det heile starta i 1993 da eg såg videoen til "venus as a boy" på VTV på TV2 (det var tider!)Eg blei rett og slett veldig fasinert av denne dama, og sjølv om fasinasjonen kanskje ikkje er like sterk no, har eg mange gode minner knytt til henne og musikken. Da eg var på min prøvetur til Island fekk eg vite kor ho bodde, og på ein kveldstur sneik eg meg til å ta bilde av huset hennar. Følte meg litt som ein papparazzi, men trur ikkje det vekte stor oppsikt at ein person med mobilkamera sto på andre sida av gata akkurat... (ingen sniking i busker). Dette området er forøvrig veldig fint med sykkelsti langs strandkanten og kort veg til byen. Kanskje møter vi henne i badet (Vestbæarlaug) som litt ca midt mellom henne og oss ;-)

Her er huset



Og her er gata ho bur i



Her er utsikta hennar





Same utsikt litt seinare på kvelden: