Sunday, August 15, 2010

Rundtur!

Her er ein liten blidekavalkade fra turen vår rundt Island i sommar. Første halvdel var mamma Berit og Øyvind med på. Resten tok vi sjølv. Kommentarar til bilda vil komme sånn litt etter kvart. Husk å klikke på bilda for større verson.


Vi begynte turen med å få servert deilig lunch av Gudny på hytta hennar.


Innlandet på Island er øde men flott!


Gunhild og mor i ei heit potte ute i naturen. I Kerlingarfjöll


Hit gikk vi: Fannborg. Derfra såg vi Islands tre største isbrear: Langjökull, Hofsjökull og Vatnajökull. Eit utrulig flott syn!


Lars gjekk ein ekstra runde heim til hytta og kom forbi denne lille kokande pytten.


Her fekk vi også bada i Snorrahver (Snorres varme kilde)


Fra de øde innlandet kom vi ned til den fruktbare nordsia av Island.


Glaumbær er gamle torvhus som islendingar budde i langt opp på 40 talet.


Godafoss: her blei dei gamle gudestatuane kasta ut da Islendingane gjekk over til kristendommen.


Endelig kom vi til Øyvinds drømmers mål: Myvatn. Her kosar vi oss i sola på Dimmu Borgir Guesthouse!


Dimmu Borgir!


Vakre Myvatn i solnedgang


Kopplammet CoCo et litt på duken


Enorme lavastraumar ved Myvatn. Desse rauk det forstatt av sjølv om dei slutta å flyte i 1984.


Sørenden av Myvatn


Ivrig kvalkikkar i Husavik


Mamma Berit går inn for litt Islandsreklame


Ser du kvalen?


Og her er penisen til kvalen. På penismuseet i Husavik.


Ásbyrgi; eit heilt utrulig landskap! Truleg skapt av katastrofe-flommar for lenge lenge sidan.




Hljodaklettar: Basaltsøyler og mystiske formasjonar.








Vi har visst gløymt kva denne fossen heiter, men det skal vi opplyse om seinare ;-)


Her er vi i Mødrudalur, Islands høgasteliggande gard med caming, guest house og ein god restaurant. Herfra drog vi på tur mot vulkankrateret Askja.


På veg til Askja stoppa vi i Drakagil, dragegjølet. Her var det mykje mystisk, og tåka gjorde det enda meir trolsk.


I Askja ligg Viti: Helvete! Og her bada vi. Altså vi har våre til helvete og tilbake på denne turen. Godt og varmt vatn, ca 25 grader.


Det var vått og gjørmete som de ser...


Guiden vår Elisabet kjørte hard, og var ikkje engstelig for å forsere elver. Moro!


Jökullsárlán er ei lagune som er danna av smeltevatn fra Vatnajökull. Eit fantastisk syn. Her tok vi ein båttur for å sjå nærare på dei flytande isklumpane. Sel såg vi også.



Ein kjekk mann!



Svartifoss ved Skaftafell.



Vi blei med på ein isklatretur på ein av armane ned fra Vatnajökull. Sola skein og vi fekk god tid til å sjå oss om.



Og til å isklatre litt.


Dette er det som står igjen av ei bru som blei tatt av vatn og is etter eit vulkanutbrudd på 90 talet. Isen smelta og skapte flom i området.




På veg til Landmannalaugar såg vi flere artige formasjonar. Dette er del av ei vulkansk revne som er dei det er mange av på Island.


Vi fekk ein fin tur til Landmannalaugar, men da vi kom dit var det sandstorm og ikkje særleg fristande å sette opp teltet. Så da kjørte vi liksågodt heim og fekk eit par ekstra dagar i Reykjavik til slutt.


Bilen trengte ein vask!