Thursday, August 27, 2009

Lars - en samfunnsdebattant!

Som den venstremannen og EU tilhengaren han er kastar Lars (Fosse altså, ikkje Sponheimen) seg ut i islandsk og norsk EU debatt.
Klikk her for å lese hans velvalgte ord.

Kulturkræsj i kinosalen

I går var eg og Lars på kino og såg Inglorious Bastards (Siste til Quentin Tarrantino). Kulturkresjet starta allreie i billettluka. For det første var billettane veldig billige. No er kinobillettar totalt overprisa i Oslo så dette var jo ein veldig gledeleg sak! Da Lars ba om plassar så nære midten som mogleg såg jenta i luka rart på oss. Det er nemmelig ikkje plassbillettar på denne kinoen. Anar ikkje om det er eit vanleg fenomen, men det framsto som litt underleg at denne flotte og store kinoen ikkje hadde kome mykjke lengre enn Volda Samfunnshus på dette feltet. Vi kjøpte poppkorn og sat oss for å vente til dørene åpna. Det gjorde ikkje alle dei andre, dei sto framfor døra i ein stor flokk for så å trykke seg inn då dørene åpna. Her slår Islendingane oss i mangel på køkultur! Forståelig nok kanskje sidan det var om å gjere å gripe dei beste plassane. Og her fortsatte kaoset; folk fant plassar og sto og ropte og gestikulerte til kvarandre for å finne ut kven som skulle sitte kor. Dei holdt av plassar til kvarandre og styra og ordna. Artig!
Da filmen starta innsåg vi at mykje av dialogen kom til å foregå på tysk og fransk. Lars kan litt fransk og vi forstår begge litt tysk, men sjølv saman med vår minimale kunnskap av Islandsk var det ikkje lett å få med seg alt.
Men men, vi kosar oss med litt Tarrantinosk vald da filmen plutselig går i svart og alle sprett opp. Det er PAUSE! Det er det snålaste eg har opplevd, ti minutters pause midt i filmen. Greit nok å få strekke på beina, men litt kjedelig å bli røska ut av filmen på den måten. Samtidig var dette eit såpass festelig møte med Islandsk kino-kultur at vi gjekk heim og kjente at vi hadde lært masse den kvelden. Filmen var forøvrig bra, til tross for at ein del av dialogen gjekk oss hus forbi.
Vi er spente på kva som blir neste kulturkræsj!

Wednesday, August 26, 2009

Fire gode ting på Island:

* Når du bestiller ein kopp vanlig kaffe får du ein heil termos! (alle norske kaféar burde ta dette som eit hint!)

* Bokhandel som er åpen alle dagar til seint på kveld. Med kafé!

* Islandsull

* Det mest opplagte: varmt vatn rett fra bakken = billige og fine badeanlegg med heitur pottur!

Det er sikkert mange andre fine ting også, men desse fire har eg hatt glede av i det siste!

Monday, August 24, 2009

På plass!

Da er vi på plass, og så langt føles det som å vere på ferie. Bortsett frå at vi bur i ei leilighet og må ordne ting som folkeregistrering og internettforbindelse. Og mykje anna så klart! No skal vi snart på Ikea og tømme hyllene der. Fortsatt veldig fornøyd med val av leilighet. For første gong i mitt voksne liv har eg badekar! I same gate finns ein liten koselig matbutikk, og bakaren ligg fem min, unna til fots. Lars har alt lovd at han skal gå dit og kjøpe nybakt brød mens eg er i dusjen om morgonane ;-)
I går gjorde vi mange islandske ting som å bade i vårt lokale bad (utandørs i regnvær), og spise hummarsuppe på "Hummarbåten". Det siste er kanskje ein turistaktivitet, men koselig likevel. Vi er optimistiske, og trur at dette skal bli eit fint år.

Monday, August 17, 2009

Det nærmar seg!

Nedtellinga er for alvor igang og spenninga stig. Ikkje lett å konsentrere seg om arbeid og alt anna som skal foregå før avreise. Men eg har gått gjennom alle skuffer og skap, og det meste skal være på plass. Seng har vi fått oss i Ásvallagata også. Vi kjem nok til å gjere Ikea på Island glade med vår kjøpesterke norske valuta.
Alle som vil komme på besøk må booke seg inn. Etterkvart kan eg kanskje legge ut ein kalender med viktige beskjedar, f.eks. når Lars er i Norge og når han er på Island.
Bless!