Thursday, May 28, 2009

This is Reykjavik!

  1. Ulåste dører og nøkler som ikkje virkar (dei er ikkje redde for inbrudd)
  2. Gamaldagse melkekartongar. Eg hugsar dei godt fra 80 tallet. Umulig å ikkje søle!
  3. Fine strikkagensrar og jakker som alle går med, ikkje berre turistane!
  4. Folk som er mindre opptatt av høffelighet enn nordmenn... som om det går an!
  5. Iceland-time, ein verson av African time som betyr at ein ikkje treng å planlegge, komme når ein har sagt eller gi beskjed hvis ein blir for sein. Det ordnar seg. Mañana!
  6. Lyse netter og mangel på gardiner... insomnia!
  7. Trappeoppgangar med vegg til vegg teppe. Kva gjer dei med sølete støvlar. Eg berre spør!
  8. Har dei ikkje vanlig leverpostei???
  9. Varmvatnet luktar.... rett og slett promp! Men det er visst veldig godt for huda.
  10. 10/11 butikken som er åpen alle dagar, heile døgnet.
  11. Eit kvarter å gå fra pub og natteliv til hav og fjæresteinar.
  12. Stort innadørs loppemarked som også sel tørrfisk. Herlig kombinasjon av lukter!
  13. Skyr! Nam nam! Ein ost som er ein slags yoghurt...
  14. Veldig hjelpsomme folk! Dei kjører deg rundt og ordner kontakter (og alle kjenner alle)
  15. Utandørs oppvarma svømmebaseng! Billig luxus året rundt!
  16. Varme elver og strender!
  17. Skiftande vær, og da meiner eg 5 min. intervallar. Burde ikkje komme som ei overasking på ein sunnmøring men har budd for lenge i Oslo...
  18. (to be continued!)

Monday, May 25, 2009

den store husjakta!

No er eg definitivt på leilighetsjakt! Det er tydeligvis fleire skjær i sjøen: eg vil gjerne ha ei tre eller fireroms leilighet med møblar, relativt sentralt, ikkje alt for dyr, helst nære universitetet... Spørs om et er for kresen, men det er altså ikkje så lett. Dei fleste leigast ut utan møbler, og dei mest sentrale leilighetene er det også mest blest om. Har også fått merke islendingane sin motvilje mot å planlegge lang tid i forvegen ettersom dei fleste vil leige ut no med ein gong. Altså ikkje så mange som tenker eit par månader fram i tid. For dei av dykk som tenker at no er Gunhild litt frustrert, så er det riktig. Men vi skal halde motet oppe og ikkje gi oss. Leilighet må det bli på eit eller anna vis! God natt fra Island!

Sunday, May 24, 2009

strikkajakka mi!

sjekk www.farmersmarket.is for fleire fine islandsullplagg!

Morgenstund....

I natt fekk eg ikkje sove! Var nok mange tankar som romsterte rundt kombinert med støy fra glade islendingar på veg heim fra byen og det faktum at det ikkje blir ordentlig mørkt på rommet mitt. Men no kviknar eg til med min andre kopp kaffe. I går kveld var eg på spionasjetur for å sjå på nokre av leilighetene som ligg anonsert på nettet. Moro å gå på window-shopping! håpar berre ikkje folk trur eg er ein litt gal person som går rundt og kikker intenst på folk sine hus. Så får vi berre håpe det er ei fin leilighet der ute til oss!

Saturday, May 23, 2009

House of the spirits

I følge turistmytologien er det mye overtro på Island. Og eg bur i "House of the spirtis"! Der er ikkje mykje åndelig her som eg har oppdaga, har heller ikkje oppdaga så mykje av luksusen dei reklamerer for. Men det er absolutt ein hyggelig stad å bu, nært byen og med alt eg treng for eit par veker. Og så har eg fått badekar og badekåpe så ok, litt luksus da. I går gjekk eg ein lang tur langs fjøra på sørsida av sentrum. Der gjekk eg forbi huset til Bjørk, eit heilt svart funkishus med store vindu mot sjøen. Litt spesiellt å stå utanfor huset til artisten som eg var ein stor fan av i mange år. Blei igjen slått av kor fantastisk denne byen er med havet som næraste nabo.
Planen vidare er å henge med meg sjølv fram til mandag. Det kan bli interessant. Kanskje eg blir nødt til å sette meg ned og lære meg Islandsk. Har kjøpt lærebok med cd så no er det berre å sette igang. Men først skal eg ta ein tur til Kolaportid, eit stort loppemarked nede ved havna. Som navnet indikerar var dette det store kollageret til Reykjavik i gamle gamle dager.

Friday, May 22, 2009

Godt førsteinntrykk!

No har eg våre i byen sidan mandag, altså i 5 dagar. Reykjavik viste meg si finaste side med sol og varme til langt på natt (i alle fall sol). Det blir ikkje mørkt før nærmare elleve om kvelden, og så blir det lyst igjen i firetida. Noko eg merkar da det ikkje er verdens tettaste gardiner på min lille hybel. Islenderane eg har møtt til no har våre hjelpsomme og veldig imøtekommande. I går var det helligdag også her, men eg hadde det sosiale programmet fullpakka. Først lunch hos ein hyggelig familie som snart reiser til Norge, så tok dei meg med til svømmehallen. Så bar det vidare til middag hos min kontaktperson på universitetet. Så ikkje eit einsamt minutt! I dag har eg avtalt eit møte med to forskerar her, så da må ein vel jobbe litt også, og ikkje berre duppe i heitupottur.

Thursday, May 21, 2009

Prøvetur til Island

Her prøver jeg meg på en blog! Andre enn meg er sikkert fasinert av Island, og her på bloggen tenkte eg å fortelle litt om opplevelsane mine og våre på denne flotte øya. Er her no i to veker for å bli kjent og kanskje finne ein stad å bu. Kjem til å legge ut bilder etterkvart når eg finn ut kordan eg gjer det ...
Send meg gjerne ein kommentar hvis du har noko på hjartet!