Monday, June 1, 2009

Vi har leilighet i Reykjavik!

Og adressa er Ásvallagata 7, 101 Reykjavik. Uttalast Ausvadlagata. 2. etg i eit rolig og fint strøk like ved universitetet og nasjonalmuseet. På fem minutt er ein i byen og ti min til svømmehallen. Leiligheta består av stove, soverom og eit lite ekstrarom. Kjøkkenet er stort nok til eit skikkelig spisebord, og badet er nytt. Utleigaren bur i etagen over og er en hyggelig jurist. Fin bakhage kor ein kanskje kan sitte eit par dagar i året i alle fall. Vi er veldig optimistiske til å bu her sjølv om det kan bli litt trangt å huse mange gjestar. Men eit par om gongen går fint! Så da er det berre å melde sin ankomst. For dei som vil bu for seg sjølv kan vi anbefale House of the Spirits kor vi bur no. No er det straks retur til Norge for å forberede seg på året her på øya!

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.