Monday, June 1, 2009

Dette landet kokar!

Turen i går gjekk til Hveragerdi (med stungen d) og fjellområdet rundt den lille bygda. Min med-stipendiat Magga (islenderane er glade i kallenavn) og dei to søstrenne hennar var så greie og tok oss med og vi gjekk ein tur på ca 7 kilometer. Langs hele veien støtte vi på kjelder med putrande vatn eller gjørme. Dette kjem det definitivt bilder av etterkvart! Det var rett og slett veldig trolsk og fasinerande! Turens høgdepunkt var da vi hadde gått i regn eit lite strekke og var passelig kalde og våte; og vips kom vi til ei varm elv kor vi kunne ligge og duppe og få varmen i oss igjen. Guidane våre hadde da også ordna det slik at sola stakk fram mens vi låg der. Nokre stader i elva var det for varmt å gå uti, men vi fant eit fint kryss av kaldt og varmt vatn som randt saman og lagde fin badetemperatur. Dagen blei avslutta med middag på "Havid Bláa" som er ein resturant forma som ein båt, med ustikt oppover elva og det området kor vi hadde gått, og ut over havet andre vegen. Vi spiste tørrfisk, hummarsuppe og steinbit, og rulla heim igjen og rett i seng! Gjestar som kjem til oss mens vi er her kan sikkert få oppleve denne turen hvis dei vil. No kan vi den og kan sjølv være guidar!

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.