Thursday, August 27, 2009

Kulturkræsj i kinosalen

I går var eg og Lars på kino og såg Inglorious Bastards (Siste til Quentin Tarrantino). Kulturkresjet starta allreie i billettluka. For det første var billettane veldig billige. No er kinobillettar totalt overprisa i Oslo så dette var jo ein veldig gledeleg sak! Da Lars ba om plassar så nære midten som mogleg såg jenta i luka rart på oss. Det er nemmelig ikkje plassbillettar på denne kinoen. Anar ikkje om det er eit vanleg fenomen, men det framsto som litt underleg at denne flotte og store kinoen ikkje hadde kome mykjke lengre enn Volda Samfunnshus på dette feltet. Vi kjøpte poppkorn og sat oss for å vente til dørene åpna. Det gjorde ikkje alle dei andre, dei sto framfor døra i ein stor flokk for så å trykke seg inn då dørene åpna. Her slår Islendingane oss i mangel på køkultur! Forståelig nok kanskje sidan det var om å gjere å gripe dei beste plassane. Og her fortsatte kaoset; folk fant plassar og sto og ropte og gestikulerte til kvarandre for å finne ut kven som skulle sitte kor. Dei holdt av plassar til kvarandre og styra og ordna. Artig!
Da filmen starta innsåg vi at mykje av dialogen kom til å foregå på tysk og fransk. Lars kan litt fransk og vi forstår begge litt tysk, men sjølv saman med vår minimale kunnskap av Islandsk var det ikkje lett å få med seg alt.
Men men, vi kosar oss med litt Tarrantinosk vald da filmen plutselig går i svart og alle sprett opp. Det er PAUSE! Det er det snålaste eg har opplevd, ti minutters pause midt i filmen. Greit nok å få strekke på beina, men litt kjedelig å bli røska ut av filmen på den måten. Samtidig var dette eit såpass festelig møte med Islandsk kino-kultur at vi gjekk heim og kjente at vi hadde lært masse den kvelden. Filmen var forøvrig bra, til tross for at ein del av dialogen gjekk oss hus forbi.
Vi er spente på kva som blir neste kulturkræsj!

4 comments:

  1. Det lyder som Malling bio i gamle dage, bortset fra at man ikke kunne købe popcorn, for det var så besværligt at gøre rent!

    ReplyDelete
  2. Dei burde kanskje tenkt på det her også, for det var ganske søplete etter filmen. Fekk forresten også vite seinare at det fins filmar utan pause, men dei kostar meir for da får dei ikkje solgt poppcorn og div. i pausen!

    ReplyDelete
  3. Ha ha ha .. I also had a culturshock when I went to the movies here in Norway. First of all, I have never had to buy the tickets in advance before. And then the prices are like going to the theater at home and I was very surprised to get numbered seats. In Iceland they are never numbered and I don't remember getting numbered seats in France, US or Germany either. I agree that the pause is stupid (to sell more popcorn) and what is worst is that people eat their popcorn so loudly. I heard the autumn had arrived all of a sudden at home, but I hope you are adapting well. And that the jeep is good to you!

    ReplyDelete
  4. Veldig interessant å utveksle kino-erfaringar. Og eg er heilt enig i at prisane på norske kinoar er sjukt høge! Men nummererte seter og bestilling på nett har sine fordelar :-) Vi har det fint og no skin sola her. Supert med stor bil, sjølv om eg er litt engstelig for å kjøyre den... Håper alt er bra med dykk i Norge Ásdis!

    ReplyDelete

Note: Only a member of this blog may post a comment.