Monday, August 24, 2009

På plass!

Da er vi på plass, og så langt føles det som å vere på ferie. Bortsett frå at vi bur i ei leilighet og må ordne ting som folkeregistrering og internettforbindelse. Og mykje anna så klart! No skal vi snart på Ikea og tømme hyllene der. Fortsatt veldig fornøyd med val av leilighet. For første gong i mitt voksne liv har eg badekar! I same gate finns ein liten koselig matbutikk, og bakaren ligg fem min, unna til fots. Lars har alt lovd at han skal gå dit og kjøpe nybakt brød mens eg er i dusjen om morgonane ;-)
I går gjorde vi mange islandske ting som å bade i vårt lokale bad (utandørs i regnvær), og spise hummarsuppe på "Hummarbåten". Det siste er kanskje ein turistaktivitet, men koselig likevel. Vi er optimistiske, og trur at dette skal bli eit fint år.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.