Tuesday, February 2, 2010

Dei er gale disse islendingane!

Velkommen til bords!


På laurdag arrangerte vi Thorrablot- det er nemmelig tida for Thorramatur no. Og hold på hatten for no kjem all den virkelig ekle maten fram. Det er jo denne maten som det går mest gjetord om i utlandet når ein diskuterer det Islandske kjøkken, men så langt har vi gått klar av den. Men i januar og februar kjem den fram, og bakrunnen er visst at det var no ein måtte ta fram den godt konserverte maten fra lageret, medan ein venta på lysare tider. Og denne tradisjonen har dei holdt på sjølv etter at kjøleskap og frysar blei oppfunne.

På menyen sto nokre gode ting som Hangiköt: ei skinke som er røkt og kokt, flatköku: ei slags røkt lompe, tørrfisk, rugbrød, poteter, rabbestappe og kvit saus. I tillegg var det fire snille vegetarianerar som tok med salatar og grønnsaker. Og så fikk vi god dessert!



Men spenninga steig når fleire delikatessar blei satt fram, og eg nevner i fleng:
Svinesylte; vanlig og sur (!) saudesylte, saudeballar- også dei sure, surt kvalfett, råtten hai og saudehaud. I tillegg fikk vi litt leverpølse som ikke smakte så verst.




bæææ...


Lars var takknemmeleg for at Piotr og Gorza hadde med salat, så slapp han å bestille pizza. (Men det blei pølse på byen seinare på natta).

Ein viktig ingridiens til Thorramat er Brennivin, og vi fikk oss litt av det også. Den er forøvrig best når den blir kamuflert i ein Mojito!

(For those of you who don't understand Norwegian, its pretty much just disrespecting thorramaturinn... but it was a good party!)

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.