Som mange av dei andre gjestane vi har hatt her tok eg dei med til Vesturbæarlaug første kvelden for å lære litt om Islandsk badekultur. Her fikk eg til og med briliert litt med islandskkunnskapane mine.
Fredag var shoppingdag og Else Sofie legg ein plan
Etter ein koselig kveld på byen og ei god natts søvn var det klart for utflukt. Vi kjørte over Hellisheidi; her fekk vi kjenne på vinden og beunder den flotte utsikta.
Vidare gjekk turen til Geysir kor vi fekk tatt eit fint gruppebilde, og nokre fine bilder av Strokkur.
Gullfoss var delvis frossen, men like flott som vanlig. Fekk også god utsikt til Langjøkulen. Som vanlig måtte vi spise islandsk kjøttsuppe her. Det er obligatorisk (med mindre du er vegetarianar, da kan du få bagel med røykelaks...)
Etter denne sightseeinga bar det heim for å få med seg Grand Prix på norsk og islandsk. Til tross for dårlige resultat for våre favorittar vart det ein fin kveld med heimelaga pizza. Søndagen tilbragte vi i den blå lagune, før jentene fekk skyss til flyet. Nok ein gong eit koselig besøk, i fint vær på Island! Frábært!
No comments:
Post a Comment
Note: Only a member of this blog may post a comment.