Saturday, April 17, 2010

Ashes of evil... men eit flott syn!

Vi måtte sjølvsagt av garde og sjå det nye utbruddet i Eyafjallajökul. Asken fra vulkanen har satt europas fly på bakken noko som betydde at vi var utan gjester i helga, men vi held motet oppe! Her i Reykjavik merker vi veldig lite til vulkanen ettersom vinden bles vest eller sør-vest. Men ein liten biltur unna kunne vi sjå den i all si "prakt". I dag skein sola og vi fekk ei spektakulær utsikt til vulkanen og områda rundt. Vulkanen smelter breen den ligg under, noko som fører til at elvene går over sine bredder. Det fekk vi ikkje sett effekten av, for redningsselkapet hadde stengt vegen for andre enn dei som skal inn og passe på dyra sine. Det var veldig mange andre som ville sjå askeskya i dag, men vi var heldigvis tidlig ute og hadde ikkje mykje selskap i begynnelsen.



Vi såg skya allreie halvanna mil utafor byen, og den blei tydligare dess nærare vi kom. Mens vi sto og såg (nokre mil unna sjølve fjellet) spydde vulkanen ut aske i fleire "poff" som ein kan sjå av dette bildet:



Vi såg også eit lyn i asken, men det var det ikkje lett å ta bilde av...

Fleire knips av vulkan: (husk at de kan klikke på bilda for å sjå større utgave)




Hekla var også fin å sjå i dag. Ho har vore stille lenge, og håpar ho fortset med det!



På veg heim fekk vi sett ein fin foss. Dette er den fossen på Island med mest vannføring.


Eg har forresten fått ein ny genser per post fra Norge, strikka av islandsk ull. Takk Ingunn! Testa den i nordavind i dag.

3 comments:

  1. Enda en vulkansafari, ja! Fine bilder:) Var det med Atle dere dro avsted, eller?

    ReplyDelete
  2. Det er sku mærkeligt med den aske. Men pas på jer selv. Fik selv en ekstra weekend uden planer forærerne, så fik taget Dag med på kino. Det var sjovt. Han spiste vel et halvt kilo popcorn...

    ReplyDelete
  3. Denne gongen kjøyrte vi sjølv, men altså ikkje på isen. Så langt kunne vi ikkje kjøyre. Men takka være god sikt fekk vi sett røyken godt. Vi har også hatt ei rolig helg ettersom vi ikkje fekk besøk som planlagt.

    ReplyDelete

Note: Only a member of this blog may post a comment.