Friday, May 22, 2009

Godt førsteinntrykk!

No har eg våre i byen sidan mandag, altså i 5 dagar. Reykjavik viste meg si finaste side med sol og varme til langt på natt (i alle fall sol). Det blir ikkje mørkt før nærmare elleve om kvelden, og så blir det lyst igjen i firetida. Noko eg merkar da det ikkje er verdens tettaste gardiner på min lille hybel. Islenderane eg har møtt til no har våre hjelpsomme og veldig imøtekommande. I går var det helligdag også her, men eg hadde det sosiale programmet fullpakka. Først lunch hos ein hyggelig familie som snart reiser til Norge, så tok dei meg med til svømmehallen. Så bar det vidare til middag hos min kontaktperson på universitetet. Så ikkje eit einsamt minutt! I dag har eg avtalt eit møte med to forskerar her, så da må ein vel jobbe litt også, og ikkje berre duppe i heitupottur.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.