Saturday, May 23, 2009

House of the spirits

I følge turistmytologien er det mye overtro på Island. Og eg bur i "House of the spirtis"! Der er ikkje mykje åndelig her som eg har oppdaga, har heller ikkje oppdaga så mykje av luksusen dei reklamerer for. Men det er absolutt ein hyggelig stad å bu, nært byen og med alt eg treng for eit par veker. Og så har eg fått badekar og badekåpe så ok, litt luksus da. I går gjekk eg ein lang tur langs fjøra på sørsida av sentrum. Der gjekk eg forbi huset til Bjørk, eit heilt svart funkishus med store vindu mot sjøen. Litt spesiellt å stå utanfor huset til artisten som eg var ein stor fan av i mange år. Blei igjen slått av kor fantastisk denne byen er med havet som næraste nabo.
Planen vidare er å henge med meg sjølv fram til mandag. Det kan bli interessant. Kanskje eg blir nødt til å sette meg ned og lære meg Islandsk. Har kjøpt lærebok med cd så no er det berre å sette igang. Men først skal eg ta ein tur til Kolaportid, eit stort loppemarked nede ved havna. Som navnet indikerar var dette det store kollageret til Reykjavik i gamle gamle dager.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.