Tuesday, September 15, 2009

Ein koselig morgon på Vesturbæjarlaug

I dag starta eg dagen med ein svømmetur. Det er fortsatt litt merkelig å gå ut i badedrakt medan det regnar og bles, men når ein er nede i det varme vatnet gir det meining! Eg har tidligare hevda at islendingane slår oss i tilbakehaldenheit og manglande evne til smaltalk. Dette trekk eg tilbake! I badet helsar alle på kvarandre med å seie 'goðan dagin' eller 'goðan dag'. (Det har eg forøvrig også opplevd langs Tjørnin, det lille tjernet midt i byen. Men aldri i Oslo). Det er stort sett eldre folk som helsar, men det er like hyggelig for det! Dei helser også når dei møter andre i heitipotta. Dette er tydeligvis noko ein gjer om morgonen, sidan eg ikkje har lagt merke til det ellers... her kan kanskje også den høge pensjonistandelen spele ei rolle. For å toppe den hyggelige oppelvelsen fekk eg prøve meg på å snakke litt islandsk sjølv, da dei godt voksne damene ikkje brydde seg så mykje om at eg sa at eg var utlending. Bra trening for meg! Dama som passar på at alle vaskar seg utan badedrakt og som går rundt og moppar opp vatn her og der, hadde med seg strikketøyet i dag. Dette vakte interesse, og det er første gong eg har sett damer diskutere strikkeoppskrifter iført badedrakt eller mindre enn det.... Altså; ein fin start på dagen!

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.