Wednesday, September 9, 2009

Ordning og fiksing!

Eg meiner ikkje å klage, for alt har gått veldig fint i dette landet sidan vi kom. Vi har tross alt berre våre her i to og ei halv veke. Men det er nokre ting som ein kan bli litt sprø av i denne prosessen. For å ha det sagt, Island slår Norge i bruk av personnummer. Personnummeret må oppgis over alt. Sidan eg og Lars ikkje er islandske statsborgerar er det nokre ting som er enklare enn andre å gjere ved hjelp av dette personnummeret. Det er ikkje så rart. Det rare er at vi får ordna internett, telefon, registrering på univeristetet, men får ikkje elektronisk årskort på svømmehallen, og vi kan ikkje leie dvd'ar! Vi fekk likevel leige dvd da vi prøvde men da registrerte dama i kassa filmen på seg sjølv.. fiffig!
Det skal også seiast at vi har hatt problemar både med å få Vodafone til å forstå kva vi ber dei om. I dag fikk vi internett heime, og eg trur dei har forstått kva abonement eg skal ha (etter x antall telefonar til support).I tillegg ventar vi på kassa vi sendte med båt ei veke før vi for fra Norge. Den sit i tollen og ventar på å bli godkjent... Ein sit igjen med eit intrykk av at Islendingane tar ting litt som dei kjem, og om ein får fiksa ting kjem litt an på kven ein treff på der og da.

Til slutt ein kuriositet: utpå ettermiddagen (når det blir mørkare ute) skrur alle lysa seg av i etasjen der eg sit. Som ein med-sitpendiat sa: typical for Iceland, nothing works! Akkurat no må eg sei meg litt einig.

ps. I går betalte eg mi første regning på Island med islandsk bankkonto. Da følte eg meg veldig integrert (sjølv om pengane mine rekk lengre enn dei gjer for den jevne islending)

2 comments:

  1. Hm.. Kanskje er det islenningane sin måte å rekruttere på? Dei tenkjer: "Ein dag går du lei av å stå utanfor, og melder overgang til islenning!"?

    Som energi-person er jo Island allereie umåteleg interessant for meg, men den enøk-varianten her (skru av lyset når det blir mørkt) var ny...

    ReplyDelete
  2. Ja tanken er nok god, regnar med det er ein slags timer for det skrur seg av på ca same tid kvar ettermiddag (sånn kvart på tre). Ein med stipendiat sa han pleide å ta det som eit hint om at han trengte ei pause. Det skal dei ha islendingane: dei klarer å sjå lyst på tilveret sjølv om det ser mørkt ut!

    ReplyDelete

Note: Only a member of this blog may post a comment.