Friday, September 25, 2009

Gunhildur på rasktbildehøgtid

Eller Kvikmyndahátið som det heiter på Islandsk! Nærare bestemt Reykjavik International Film Festival (RIFF). Programmet er imponerande, alle filmane er teksta på engelsk, og eg skulle ønske eg hadde tid til å sjå mange fleir enn dei to eg har fått med meg. Har sett 'Aplaus', dansk film med Paprika Steen som alkoholisert skodespelar i fritt fall. Og i går såg eg 'Dogtooth', gresk surealistisk film om ein ganske uvanlig familie. Borna i familien, som no er unge voksne, har aldri våre utafor huset og hagen sin. Foreldra "beskyttar" dei mot alt som kan skje der ute, men virkeligheita innafor gjerdet kan vel seiast å ikkje vere heilt rosenrødt heller. Filmen vant prisar i Cannes i år, og kan definitivt anbefalast.

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.