Tuesday, November 3, 2009

Moro med mor!

Denne helga har eg hatt besøk av mamma. Veldig koselig å få besøk, og særleg denne helga ettersom Lars var i Norge. Mamma kom fredag ettermiddag og fekk smake den faste velkomsten: hummarsuppe. Den smakte godt denne gongen også. Mykje godt ein kan kjøpe i frysedisken her! På laurdagen gjorde vi byen med shopping og kunstmuseum. Vi fekk oss litt lunch på ein kafé som verkeleg hadde tatt inn over seg at det var Halloween. Her fekk vi servert pannekaker av Spiderman!


På kvelden spiste vi ein bedre middag på "Vid Tjörnina". Det var litt som å kome heim til ei gamal dame som hadde stillt ut allt porselenet sitt. Veldig koselig, og veldig god mat!


Planen for søndag var å ta ein båttur ut til Videy, men når vi forsto at båten ikkje gjekk før utpå dagen, og sola skein fra blå himmel ombestemte vi oss. Turen gjekk i staden til fjellet Esjan. Esjan er eigentleg samlenavnet for fleire toppar. Vi kom oss opp til Tverfellshorn (780 moh) kor vi fekk strålande utsikt! Turen avslutta vi med eit bad som seg hør og bør!







Mandag viste Island seg fra ei litt anna side; øs pøs regn! Vi tok ein biltur over Reykjanes til Thorlagshöfn og Selfoss. Det blei ein fin tur som vi avslutta med litt shopping på Islands største shoppingsenter.
På turen stoppa vi ved denne kirka. Den ligg ganske så øde til, men er relativt stor og fint utsmykka. Årsaken er at fiskerane i området donerte gåver til kirka når dei kom tryggt i land etter fisketurane sine. På gravplassen såg vi graver til mange som ikkje hadde fått leve lenge, så folk hadde vel grunn til å takke når alt gjekk bra.



Her budde det også nokre alvar i ein haug!

Kaffen blei servert inne i bilen!



Mammma levde kun på sjømat mens ho var på besøk, og til middag på mandag fekk ho plukkfisk på rugbrød. Ein suksess!


Alt i alt ei fin helg, og eg trur mor var fornøgd også! Eg får berre ønske velkommen tilbake til våren!

No comments:

Post a Comment

Note: Only a member of this blog may post a comment.